• Nøsen Yoga og Fjellhotell (map)
  • Panoramavegen
  • Oppland, 2960
  • Norge

Velkomen til ei roleg og nærande helg på vakre Nøsen. Dette retreatet er for deg som ønskjer å senke tempoet, lande i kroppen og hente ny energi – i møte med fjell, natur og stillheit.

Gjennom yoga, dragedans, pust, urter og tid ute i naturen får du rom til å vere meir til stades i deg sjølv. Her er det inga forventning om å prestere eller gjere noko “rett”. Du blir møtt slik du er, og får støtte til å lytte til kroppen, pusten og det som rører seg på innsida.

Retreatet inviterer til ei balansert helg med både mjuk rørsle og kvile, varme og ro – godt tilpassa årstida og overgangen frå haust til vinter.

Innhald i retreatet

♡ Dragedans – mjuk flyt og indre varme

Ei roleg, flytande yogaform med sirkulære rørsler som følgjer pusten. Praktiseringa bygg varme, styrke og stabilitet på ein skånsam måte, utan press. Fokus på rygg, hofter og bein, tilpassa kvar enkelt deltakar. Her kan du oppleve både kraft og mjukheit – og lande i kroppen i ditt eige tempo.

♡ Urteverkstad – sansande møte med naturkrafta

Bli kjend med seks utvalde urter, tilpassa årstida og behovet for ro, varme og støtte. Vi luktar, smakar og utforskar praktisk bruk – i te, enkle blandingar og små naturmedisinar. Alle får med seg ei lita urtepakke og hefte heim. Ein trygg og jordnær oppleving som gjer det lett å ta med naturkrafta inn i kvardagen.

♡ Djup yoga – kvile og nærvær

Gjestelærar Kristina Masyte leier to djupgåande praksisar: ei restorativ økt på fredagen og ei lengre yin-økt med meditasjon på laurdagen. Mjuk bruk av puter og støtte gjev kroppen høve til å sleppe spenningar, pusten blir djupare, og nervesystemet får kvile. Passar for alle som ønskjer ei mjuk motvekt til kvardagens tempo.

♡ Sirkel & integrering

Søndag samlar vi helga i ein roleg sirkel. Deling, refleksjon og enkle verktøy gjer det mogleg å ta med erfaringane vidare inn i kvardagen.

Dette retreatet er for deg som ønskjer å hente krefter, finne kontakt med deg sjølv og naturen, og oppleve indre ro og nærvær i eit trygt og varmt fellesskap.


Om Rachel og Kristina

Velkomen til Naturkraft Yoga med Rachel Tapio

På dette retreatet møter du Rachel Tapio, yogalærar og grunnleggjar av Naturkraft Yoga. Rachel vandrar ein veg der yoga, natur og indre livskraft møtest – med ei undervisning som er jordnær, trygg og fri for prestasjon.

Gjennom eigne livserfaringar med stress, hormonelle utfordringar og indre uro har ho funne støtte og balanse i naturen og i kroppen. Denne erfaringa ligg til grunn for undervisninga hennar, der yoga, pust, urter og naturmedisin blir vevd saman til ei heilskapleg praksis.

Naturkraft Yoga er ei levande og tilgjengeleg form for yoga som kombinerer mjuk yin, meir dynamisk yang, flytande dragedans og naturbasert visdom. Undervisninga har fokus på å lande i kroppen, kjenne energien røre seg og finne balanse mellom kraft og kvile – i takt med naturens rytmar.

Rachel har ei solid og variert bakgrunn innan yoga, urtemedisin og naturbasert helsefag. Ho har utdanning innan mellom anna Hatha, Yin, Vinyasa og Yang yoga, samt dragedans, restorativ yoga, barneyoga og armbalanse. I tillegg har ho erfaring med aromaterapi, ayurveda og urtekunnskap, og er for tida under utdanning i grunnleggande naturmedisin.

I undervisninga legg Rachel vekt på trygg rørsle, roleg progresjon og nærvær i pust og kropp. Naturkrafta – både i oss sjølve og rundt oss – er ei naturleg ramme for praksisen, og deltakarane blir inviterte til å finne støtte, varme og indre ro på sin eigen måte.

www.naturkraft-yoga.no

@naturkrafta_yoga

Gjestelærar: Kristina Masyte

På dette Naturkraft Yoga Retreatet er vi glade for å ha Kristina Masyte med som gjestelærar. Ho leier to djupt roande praksisar i løpet av helga.

Ho underviser i Oslo, mellom anna ved Yoga SATS, og tilbyr både gruppeundervisning, private timar og arrangement.

www.yogakos.com

@yogakos_


PROGRAM

Fredag – Lande & opne sansane

  • 15.00 – Ankomst

  • 16.00–18.00 – Urteverkstad

  • 18.00 – Middag

  • 19.30–21.00 – Restorativ yoga med Kristina

Laurdag – Kraft & kvile i balanse

  • 07.30–09.00 – Dragedans

  • 09.00–10.00 – Frukost

  • 10.00–13.00 – Fritid / natur / spa / badstue

  • 13.00–14.00 – Lunsj

  • 16.30–18.00 – Djup yoga (Yin) med Kristina

  • 18.00–19.00 – Middag

  • Kveld fri

Søndag – Integrere & ta med vidare

  • 07.30–09.00 – Samlande dragedans

  • 09.00–10.00 – Frukost

  • 11.00–13.00 – Urtesirkel & integrering

  • 13.00–14.00 – Lunsj & avreise


Din Investering

Vårt retreat tilbyr flere overnattingsalternativer som passer ulike behov og budsjetter.

  • Priser starter fra 4750 NOK

Inkludert i retreatpakken:

  • Overnatting

  • Tre deilige, vegetariske måltider daglig

  • Retreatprogram

  • Yogamatter og utstyr

Tilleggsvalg

Kan bestilles ved booking eller via post@nosenoyoga.no eller resepsjonen.

  • Transport til/fra Gol eller Fagernes

  • Sauna/spa inngang

Om Nøsen Yoga og Fjellhotell
Nøsen Yoga og Fjellhotell er et fjellretreat i hjertet av Valdres, omgitt av storslått natur og rolige turstier. Vi arrangerer yogaretreater, workshops og arrangementer året rundt, og tilbyr gjestene et rom for å senke tempoet, komme i kontakt med seg selv og nyte nærende, vegetariske måltider i et varmt og inkluderende fellesskap.

Om BITR – Back in the Ring
Hotellet drives av en dedikert kombinasjon av ansatte og frivillige, noe som skaper en unik og levende atmosfære. Noen av våre frivillige kommer til oss gjennom Back in the Ring (BITR) – et transformativt program som støtter mennesker i å bygge opp igjen selvtillit, motstandskraft og retning etter livets utfordringer. Deltakerne tar del i den daglige driften samtidig som de utvikler praktiske ferdigheter, bygger relasjoner og deltar i aktiviteter for personlig vekst.

Dette betyr at du kan møte mennesker fra alle samfunnslag, som hver på sin måte bidrar til Nøsen-opplevelsen. Vi inviterer deg til å møte oppholdet med tålmodighet, åpenhet og en følelse av felles menneskelighet – verdier som gjør vårt fellesskap spesielt.